Taco av brosme – Kjell Andreas Oddekalv

Lagt ut av
Hei dere! For første gang åpner jeg opp for gjesteinnlegg her på bloggen. I konkurranser jeg har kjørt via Facebook ser jeg hvilket potensial og kreativitet mange av dere har. Dette er noe jeg vil gjøre mer og mer i fremtiden for det her er hva bloggen min handler om!
Kjell Andreas Oddekalv vant min siste mat konkurranse, og jeg har fulgt ham en stund via Instagram. Her kommer en svært spennende taco versjon fra mannen selv. Nå gir jeg «tastaturet» over til ham og lar ham styre showet videre i dette innlegget.
Vh Raphael 
img_0645-3
Forfatter: Kjell Andreas Oddekalv
Kjære lesarar av RP fiskeblogg! Eg er Kjell Andreas Oddekalv, også kjent som «Doktor Kjell», gangstarappar og gitarist i hip-hop-gruppa «Sinsenfist». Eg er over middels glad i å fiske og å lage mat, og eg er beæra over å ha blitt invitert av Raphael til å dele min «bifangst» med dykk.
Brosme er ein heilt fantastisk matfisk, og sjølv om den kanskje ikkje er «target-species» for dei fleste sportsfiskarar, så drar ein den tidt og ofte opp over båtripa, og det er sjeldan den er i form til å bli satt ut att. Så neste gang spisskatesatsinga di endar med ei kasse med «brunsneglar» er det berre å filetere og fryse ned, så har du mange deilige middagar å sjå fram til!
Sjølv er eg veldig glad i å eksperimentere med ulike smakar, teknikkar og rettar, og før eg går i gong med sjølve oppskrifta, vil eg gjerne forklare litt av tankeprosessen min når eg lagar ein rett som dette. Eg lagar nemleg nesten aldri nøyaktig den same retten to gongar, men eg hentar veldig ofte bestanddelar eller inspirasjon frå ting eg har laga før, og ved å bytte ut tilbehør eller hovudråvare kan den same grunnideen føre til veldig mange ulike måltid. Så om noko i denne oppskrifta ser innvikla ut, eller ein har veldig dårleg tid, eller ikkje har tilgang på alle råvarene – lag din eigen variant!
Råvarene eg brukte:
Til fisken:
Filetar av småbrosme (vakuumpakka frå frysaren, tatt opp på morgonen før jobb).
Spisskummenfrø
Korianderfrø
Tortillachips
Paprikakrydder
Egg (til panering)
Olje (til steiking)
Laim
Xni Pec:
Raudlauk
Raudvinseddik
Sukker
Frisk koriander
Habanero
Appelsin
Laim
Guacamole:
Avokado
Raudlauk
Kvitlauk
Laim
Raudkålsalat:
Raudkål
Koriander
Appelsin
Det kan sjå ut som om det er mykje, men ein god del av råvarene går igjen mellom dei ulike bestanddelane (laim, appelsin, raudlauk, koriander), og krydder og eddik er slikt ein har (eller bør ha!) ståande på kjøkkenet uansett. Trur eg handla for godt under ein hundrelapp, i alle fall (sidan eg hadde fiska fisken sjølv).
Det første eg gjorde var å blande ein god klunk raudvinseddik og eit par teskeier sukker i ein av kona sine mummikoppar. Så kutta eg ca ein halv raudlauk i skiver og dytta det godt nedi koppen. Dette lot eg så stå å sylte seg.thumbnail_lettsylta raudlauk
Så skar eg opp fisken i passelege stavar (ca to fingrar lange og breie), og salta dei lett (dei har godt av å ligge ei stund, så fiskekjøtet strammar seg litt opp), og gjekk i gong med å lage sausane og salaten.
Eg likar å lage litt ulike sausar når eg skal ha meksikansk inspirert mat, og eg lagar gjerne minst ein veldig mild saus og ein veldig sterk ein. Det gjorde eg denne gongen også.
Skjermbilde 2018-02-16 kl. 15.22.56.png
Guacamole er ein klassikar, og krevjer veldig lite innsats. Mos ein stor eller to små avokadoar (eller fleire om ein er ein heil familie eller verkeleg eeeeelskar guacamole), ha i litt lauk (eg hadde jo ca ein halv raudlauk att, så eg brukte det, men vårløk, kepa eller purre funkar også heilt fint) og finhakka/raspa/knust kvitlauk (kvitlauksmengda er ei smakssak, så smak deg fram!). Skvis over jusen frå ein halv laim, og krydre med litt salt og godt med pepper. Her er det både naudsynt og veldig kjekt å smake seg fram til ønska resultat. Du kan sjølvsagt også bruke butikkguacamole om du ikkje får tak i moden avokado. Butikkguacamole er stort sett berre erter, men erter er godt, det også. Eg tykkjer det er mykje betre med heimelaga. Det er også godt (og vanleg) å ha litt tomat i guacamolen, men eg droppa det denne gongen.

thumbnail_raudkålsalat-1.jpg

Denne raudkålsalatvarianten plukka eg opp frå ei Jamie Oliver-oppskrift ein gong. Den er superenkel og veldig god. Skjær opp raudkål supertynt (det aller lettaste er å bruke ein mandolin), grovhakk ein god neve frisk koriander, og kna kålen og korianderen godt saman i ein bolle. Skvis over jusen frå ca ein halv appelsin og ca ein halv laim (her kan ein godt bruke litt vineddik i staden for laim om ein vil) og krydre litt med salt og pepper. BÆM, ferdig. Ein har som regel ganske mykje raudkål til overs, så det er lurt å planlegge nokre fleire rettar med raudkål i til dei neste dagane.
Skjermbilde 2018-02-16 kl. 15.19.51.png
Xni Pec er ein krutsterk mellomamerikansk salsa, som eg tykkjer er heilt uovertruffen. Det er særleg den søte habanerosmaken som «gjer» denne sausen. Problemet er berre at habanero kan vere vanvittig sterkt, så dersom ein ikkje likar sterk mat kan det fort vere naudsynt å byte ut habanero med ein mildare chilisort (det aller, aller beste ville vere søramerikansk aji amarillo, men det er vanskeleg å få tak i, dessverre). Det er også vanlegast å ha med tomat i denne sausen, men eg likar å lage den utan, og så heller ha tomat i ein annan, mildare saus. Denne gongen var eg keen på å lage tacos heilt utan tomatar, men om ein vil, kan ein godt ha i nokon grovhakka cherrytomatar.
Ta ein bra haug av den lettsylta raudlauken du laga heilt først, finhakk og ha det over i ein bolle. Finhakk habanero (eg likar også å riste chilien min lett i ei tørr panne, men om det vert mykje styr, så er ikkje det viktig) og ein god neve frisk koriander, skvis over ein båt eller to med appelsin og laim og krydre lett med salt og pepper.
thumbnail_krydder.jpg
Rist nokre spiseskeier med spisskummenfrø og korianderfrø i ei tørr panne på medium-lav varme, ha over i ein morter og knus dei lett (ikkje til fint pulver, men slik at frøa knekk opp og slepp laus smak og aroma), bland inn paprikapulver (to-tre teskeier) og knekk opp ein god neve tortillachips. Knekk eit egg i ei skål og varm opp steikepanna di til den ryker (ha den på 6-7 av 10) før du har i litt olje.
thumbnail_panering.jpg
Dypp fiskestykka først i egget, så i paneringsblandinga, og ha dei så over i steikepanna. Dei treng veldig kort tid på å bli ferdig, typ eit minutt på kvar side. Skvis over laim før du tek dei av og let dei kvile litt (gjerne på grovpapir, så litt olje renn av).
thumbnail_brosmetacos.jpg
Server i tortillas (eg laga dei sjølv, det er superraskt og enkelt om ein har pastamaskin til å kjevle tynt med, men minste sort kjøpetortillas funkar heilt fint). Du kan godt variere mengden av dei ulike sausane alt etter kor sterkt du vil ha det, og du kan pynte tallerkenen litt med nokre skiver appelsin og laim om du skal instagramme eller gjeste ein blogg. 😉
Sausane og salaten kan brukast til all slags meksikansk mat, og om ein vil ha meir karbohydratar i kosten kan ein godt lage ris til, for eksempel. Panert fisk og chilisaus fungerar også kjempegodt med asiatiske smakar i staden for meksikanske (og det var slik eg fekk inspirasjon til denne retten, gjennom ei Gordon Ramsay-oppskrift). Dersom ein er redd for at det blir for sterkt kan ein også fint ha litt rømme til, og om ein berre vil ha fiskefingrane og klassisk norsk old el paso-taco-tilbehør, så kan ein sjølvsagt det også, men eg vil på det sterkaste anbefale å lage sine eigne tacosausar, for det er kjempeenkelt og kjempegodt!
Bon appétit, skitt fiske, og hjartelege helsingar – Kjell Andreas 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s